
Sjønær Festival
Kajakk
Program for aktiviteten
Laurdag
Avhengig av vêret er det fleire moglegheiter for kajakk på Runde og i meir lune område rundt naboøyane.
Turalternativ 1: Avansert rute, til dømes – Runde – Grasøyane – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 14 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 2: Den erfarne ruta, til dømes – sørsida av Runde til fyret på nordsida – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 16 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 3: Om alternativa over ikkje let seg gjere på grunn av vêret må vi tenke alternativt og finne ein eigna plass som vi diskuterer med gruppa.
Søndag
Søndagstur: Denne planlegge vi laurdag ettermiddag med gruppa. Vi planlegg turen etter vêrforhold og gruppa sine forutsetningar.
Praktisk informasjon
Dette treng du av utstyr
Havkajakk, hjelm, tørr/våtdrakt, varme klesskift, niste, varm drikke, taueline 9-15m, reserve åre. Alt ustyret må vere i orden og klart til padling.
(Om du vil leige kajakk og utstyr kan du ta kontakt med Herøy kajakklubb: www.heroykajakk.no/)
Treningar og sertifikat
Minimum NPF teknikkurs hav eller tilsvarande, og ein del padleerfaring
Turleiarane er utdanna gjennom NPF (Norges padleforbund) som Turleiarar og Vegleiarar.
Prøv å Padle
Prøv å padle for dei som ikkje har vore i kajakk tidlegare. Herøy kajakklubb tar med seg utstyr og stiller med instruktørar.