top of page

Sjønær Festival
Coasteering
Coasteering er ein kombinasjon av fjellklatring, symjing og valfri klippehopping. Som du sikkert har gjetta ut frå omgrepet, går aktiviteten føre i kystlandskapet vårt.
Bli med våre guidar med på oppdagingsferd kring kystlinja på Runde. Vi går i samla gruppe og tek oss langs fjøresteinane og havet i det spektakulære kystlandskapet rundt fugleøya.
Aktiviteten passar for dei som er vande med å gå i kupert terreng, er komfortable i vatn og ikkje er redd for ei utfordring. Vi legg opp ruta utifrå erfaringsnivået i gruppa.
Utstyrsanbefaling:
Naudsynt sikkerheitsutstyr får de låne med opplev Runde. Folk må derimot ta med skiftekle og eit godt par sko som toler å bli våte.
bottom of page